Velkomen til Tavira, anten du er 6 personar, eller fleire...

tavira_carisma.jpg
design/tavira_carisma_home.jpg

QUINTA CARISMA

   6-12

Nytt hus m/saltvanns- symjebasseng og store terrassar ligg i rolege omgjevnadar i utkanten av Santo Estêvão. Ein litan og sjarmerande landsby i Tavira, Algarve.
Garden er på 17.500m2,har mange oliven-, mandel- og fikentre, og ein stor flott hage opplyst om kvelden. Inkluderar også tennis/fotballbane med kunstgras og belysing. Stor terrasse med god plass til alle.
 
Berre 5 minutt med bil til Tavira sentrum, som er ein vakker by med om lag 20 000 innbyggarar. Ei av dei flottaste badestrendene på Algarvekysten ligg også berre 7 minutt unna.
35 golfbaner innan ein time, dei næraste berre 10 minutt i bil.
Her kan du verkeleg leve "Det gode liv".
tavira_soria_moria.jpg
design/tavira_soria_moria_home.jpg

QUINTA SORIA MORIA

   12-21

Stor frittliggande villa i høg standard, med tanke på at det skal være rikeleg med plass til alle. 12 meter basseng med solområde. Stor kunstgrasbane med flaumlys innbyr til aktivitet for liten og stor.  Garden er betjent med fleire tilsette, som skal gjere opphaldet ubekymra.
Lån av syklar og sportsutstyr er inkludert. Kajakk til leige.

8 soverom, 7 bad, 10 wc, 16 senger + 5 ekstrasenger (vaksen/barn). 28.000 kvadratmeter eigedom. Alle soverom og opphaldsrom har aircondition/varme. Vinkjellar, bar, biljardrom og bibliotek. 
Trådlaust breiband inne og ute.
Vatn, vin og anna drikke kjøpast i frå vår vinkjellar og sjølvbetjente vin og vass skåp. Øl frå sjølbetjent tappekran i poolbaren.